www.eskule.no SFO Ons 10. mar 2010
Meny

Etnedal skule
2890 Etnedal
Tlf 61 12 18 00

 

INFORMASJON OM ETNEDAL SKULEFRITIDSORDNING
SKULEÅRET 2008/2009.

Einheitsleiar Inger Randi I. Kleven, har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for ordninga.
Telefon: Etnedal Skule 61 12 18 00.

Dagleg leiar Ingrid H. Bjørnødegård, har ansvar for å lage rutiner for arbeidsfordeling, innkjøp, måltider, aktivitetar, reduksjon/auking av plass osv..
Telefon: Sfo 61 12 18 09.

Dagleg leiar og assistentane som arbeider i Sfo, er og ansatt i skulen på ulike klassetrinn.

Skulen/Sfo har og tilbod om musikk- og kulturskule ved Ronald Rasmussen. Søknad på eige skjema.

I opplæringslova §13-7 står det at kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4.klassetrinn.Barn med særskilte behov har tilbod til og med 7.klasse.
Sfo skal leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna.
Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både inne og ute skal vere eigna til formålet.

Sfo skal gje barna omsorg og tilsyn.
Sfo har inga målsetting om å gje barna eit opplærningstilbod, slik som skule og barnehagar.

Skulen/Sfo har tilsyn med barn i 1.-4.kl. frå kl. 08.00 til kl. 17.00 onsdag og torsdag. Måndag, tysdag og fredag er SFO åpen frå 14.20 til 16.30. 

Sfo er open alle kvardagar, med unntak av veke 40 (haustferie), mellom jul og nyttår, veke 9 (vinterferie), samt påskeveka. Sfo blir stengd 2 planleggingsdagar våren 2007. Planleggingsdagane er felles for barnehagane og skulen i Etnedal Kommune.

Det må søkjast spesielt om tilbod i skulens feriar.

Dersom barnet blir henta etter kl. 17.00 / 16.30, vil det bli fakturert kr. 200.- pr. gong for dette.

Busskortet gjeld ikkje kjøyring til/frå Sfo.

Sfo– ”basen” har god plass med kjøkkenavd., bibliotek og leikeareal. Sfo har tilgang til datarom, gym.sal og ulike grupperom.
Skulen har fine nærområder til turgåing, både sumar og vinter.
Eigen leikeplass for småskulen med huskestativ og sandkasse.





Ingrid Helle Bjørnødegård/s
Dagleg leiar

Referat frå foreldremøte 08.02.07 finn de her:

www.eskule.no/ipub/media/SFO/Referat fra foreldremote.doc

www.eskule.no | www.etnedal.kommune.no
web: info helgeland